Eit eventyr (på nynorsk-ish)

Det var ein gong, midt på 1800-talet, for la oss innsjå det, me har ei tidsrekning no, så kvifor ikkje bruke den? – at to menn som var på reisefot. Namna deira var Peter Christian Asbjørnsen og Jørgen Moe. Dei var ute for å samle inn eventyr, slik man ofte gjorde på denne tia. Dei hadde ikkje fjernsynsapperat og edb-maskiner på midten av 1800-talet, så det var ikkje stort anna å gjere. Men det skal seiast at Peter og Jørgen var særs suksessrike eventyrsamlare, så me skal ikkje halda det mot dei at det dei dreiv med virkar både kjeisamt og trivielt samanlikna med dei umåtelig underhaldande tilboda me har i dag. Dei gjekk land og strand rundt, og samla og samla, på eventyr om tussar og troll og ei geit kalt Hårslå. Og det ville seg slik at dei møtte på eit troll sjølve.

Trollet heit Ivar-Ivar Aasen. Han var svolten, som troll ofte er, og etter at han hadde lukta kristenmannsblod ville han ete Peter og Jørgen. Men Peter og Jørgen hadde plukka opp eit og anna mens dei samla eventyr, og var etterkvart dyktige i både heksekunst og annan magi. Så dei gjorde ein avtale med trollet Ivar-Ivar. Dei sa at om han lot dei leva, så skulle dei trolle fram dei mest  fantatiske rettar, slik at han skulle få både eta og drikka så mykje han ville. «Greit, det» svara trollet Ivar-Ivar. «Eg vil ha laks». «Det skal vi få til», svara Peter og Jørgen. Dei såg ein fugel på ei grein og sa i kor: «Trolleri, trollefaks – bli til ein laks!», og fugelen vart til ein laks; egga hans vart til bakte potetar, og reiret hans vart til den deiligaste rømmesausen.

Og trollet Ivar-Ivar åt. Då han var ferdig, var han ikkje heilt mett, og sa «Eg vil ha meir laks!». «Ikkeno problem», sa Peter og Jørgen, og peika på ein rev som gjekk forbi (revar var mykje mindre folkeskye på denne tida, må vite). «Trolleri, trollefaks – bli til ein laks!», og reven blei til ein laks. Røyka denne gongen, kvistane attmed han blei til flatbrød og mosen han stod på blei eggerøra.  Trollet Ivar-Ivar åt og åt, men då han var ferdig var han endå ikkje mett, og nærmast ropa ut «MEIR LAKS!» (sjølv om dei ikkje hadde caps lock, kunne dei jamvel ropa, trolla). Jørgen og Peter var leie no, men likevel så så peika dei på ein vandringsmann som kom rekande langs skogsstien «Trolleri, trollefaks – bli til ein laks!», sa dei. Men vandringsmannen blei ikkje til ein laks, han berre vandra vidare.

«Nei, det er det eg alltid har sagt» sa trollet Ivar-Ivar. «Ingen kan gjere alle til laks» Og så åt han Peter og Jørgen.

Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute.

  1. #1 by Thomas Misund on 6 oktober 2009 - 1:49 pm

    Nesten like god som den på gangen! 🙂

  2. #2 by Sonja Dadam on 6 oktober 2009 - 10:23 pm

    Takk, Thomas. Jeg er grisefornøyd med «den på gangen» og prøver uforholdsmessig mye tid på å klare å finne på noe som ligner. Og bare vent, en dag, så er det full klaff igjen.

    • #3 by Sonja Dadam on 6 oktober 2009 - 10:24 pm

      Å bruke «igjen» på slutten der er kanskje i overkant selvtilfreds, men det får så være.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: